5 Men han svara dei: «Gå bort og kom så tilbake til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.
6 Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»
7 Dei svara: «Om du i dag gjer deg til tenar for dette folket så du tener dei og svarar dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»
8 Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han.
9 «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.»
10 Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min.
11 Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»