11 I Betel budde det ein gammal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei fortalde det til far sin,
12 spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.
13 Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå
14 og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under eit eiketre og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg», svara han.
15 Då sa profeten til han: «Ver med meg heim og få deg litt mat!»
16 Men gudsmannen svara: «Eg kan ikkje følgja deg attende og ta inn hos deg. Eg vil korkje eta brød eller drikka vatn saman med deg på denne staden.
17 For så lydde Herrens bod til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn der og ikkje fara heim att den vegen du kom.»