18 Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim så han kan få eta brød og drikka vatn.» Men då profeten sa dette, laug han for han.
19 Gudsmannen vart no med han heim og åt brød og drakk vatn i huset hans.
20 Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim,
21 og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Fordi du trassa Herrens ord og ikkje heldt bodet som Herren din Gud gav deg,
22 men vende attende og åt brød og drakk vatn på den staden der han hadde sagt at du verken skulle eta brød eller drikka vatn, så skal liket ditt ikkje koma i grava til fedrane dine.»
23 Då gudsmannen som profeten hadde fått med seg attende, hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han.
24 Så tok han i veg att. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.