27 Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei gjorde det,
28 og han tok av stad. Han fann liket slengt i vegen, og eselet og løva som stod ved sida av det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet.
29 Profeten lyfte opp liket av gudsmannen, la det på eselet og førte det tilbake. Den gamle profeten gjekk til byen og ville halda sørgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han.
30 Han la liket i si eiga grav, og dei heldt sørgjehøgtid over han og ropa: «Å ve, min bror!»
31 Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja knoklane mine ved sida av knoklane hans.
32 For det skal gå i oppfylling, det ordet han etter Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomar på haugane ved byane i Samaria.»
33 Heller ikkje etter denne hendinga vende Jeroboam om frå sin vonde veg. Han heldt fram med å setja kven han ville av folket til prestar på offerhaugane. Alle som ønskte det, vigde han til prestar på haugane.