5 Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens ord.
6 Då tok kongen til orde og sa til gudsmannen: «Prøv å vinna velvilje for Herren din Guds andlet, og bed for meg at eg kan trekkja handa til meg att.» Gudsmannen vann Herrens velvilje, og så kunne kongen ta handa til seg, og ho vart som før.
7 Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på, så skal eg gje deg ei gåve.»
8 Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg verken eta brød eller drikka vatn.
9 For slik lydde Herrens bod då han tala til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn og ikkje venda attende same vegen som du kom.»
10 Så tok han ein annan veg, og han drog ikkje heim att den vegen han var komen til Betel.
11 I Betel budde det ein gammal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei fortalde det til far sin,