12 Men du skal stå opp og gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet.
13 Heile Israel skal halda sørgjehøgtid over guten og følgja han til grava, for han er den einaste i Jeroboams ætt som skal koma i ei grav. Berre hos han i heile Jeroboams hus har Herren, Israels Gud, funne noko godt.
14 Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydda ut Jeroboams hus, og no er dagen komen.
15 Herren skal slå israelittane så dei blir lik sivet som svaiar i vatnet. Han skal rykkja dei opp av dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat fordi dei laga seg Asjera-pålar og gjorde Herren rasande.
16 Han skal gje opp Israel fordi Jeroboam synda som han gjorde, og fekk Israel med på si synd.»
17 Kona til Jeroboam tok no i veg og kom heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.
18 Heile Israel følgde han til grava og heldt sørgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Ahia, tenaren sin.