20 Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hos fedrane sine, og son hans, Nadab, vart konge etter han.
21 Rehabeam, son til Salomo, hadde vorte konge i Juda. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut av alle Israels stammar og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.
22 Folket i Juda gjorde det som var vondt i Herrens auge. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.
23 Dei bygde òg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.
24 Det fanst til og med tempelprostituerte menn i landet. Dei tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem.
26 Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.