27 I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane for livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei.
28 Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.
29 Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
30 Heile tida var det krig mellom Rehabeam og Jeroboam.
31 Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon. Son hans, Abia, vart konge etter han.