4 Kona gjorde som han bad. Ho gjorde seg klar og drog til Sjilo og kom til huset der Ahia budde. Ahia kunne ikkje sjå, for han var gammal og stiv i blikket.
5 Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona til Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.»
6 Då Ahia høyrde lyden av stega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona til Jeroboam! Kvifor læst du vera ein framand? Eg er send til deg med ein tung bodskap.
7 Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut av folket og sette deg til fyrste over folket mitt, Israel.
8 Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge.
9 Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen.
10 Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydda ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både fange og fri. Så vil eg feia ut Jeroboams hus som når ein sopar bort skit, til det ikkje finst eit grann att.