7 Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut av folket og sette deg til fyrste over folket mitt, Israel.
8 Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge.
9 Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen.
10 Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydda ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både fange og fri. Så vil eg feia ut Jeroboams hus som når ein sopar bort skit, til det ikkje finst eit grann att.
11 Den av dei som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala.
12 Men du skal stå opp og gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet.
13 Heile Israel skal halda sørgjehøgtid over guten og følgja han til grava, for han er den einaste i Jeroboams ætt som skal koma i ei grav. Berre hos han i heile Jeroboams hus har Herren, Israels Gud, funne noko godt.