1 I det attande styringsåret til Jeroboam, son til Nebat, vart Abia konge i Juda.
2 Han regjerte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom.
3 Abia gjorde alle dei synder som far hans hadde gjort før han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarte slik som stamfar hans, David, hadde gjort.
4 Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne følgja etter han, og lét Jerusalem få stå.