15 Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde vigd til Herren, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.
16 Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.
17 Israels-kongen Basja drog opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.
18 Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga. Han gav det til tenarane sine og sende dei til Ben-Hadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:
19 «Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»
20 Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Maaka og alle Kinneret-bygdene i tillegg til heile Naftali-landet.
21 Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han slo seg til i Tirsa.