22 No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken – og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste kong Asa festningsverk i Geba, i Benjamin og i Mispa.
23 Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han utretta, og om byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.
24 Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Josjafat, son hans, vart konge etter han.
25 I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.
26 Nadab gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på vegen til far sin og i synda hans, synda som han hadde fått israelittane med på.
27 Basja, son til Ahia av Jissakar-stammen, fekk i stand ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel ved Gibbeton, ein by som høyrde filistrane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.
28 Det var i tredje styringsåret til Juda-kongen Asa at Basja drap Nadab og vart konge etter han.