30 Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort, og som han hadde fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han gjort Herren, Israels Gud, rasande.
31 Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
32 Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.
33 I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Ahia, konge over heile Israel. Han regjerte i Tirsa i tjuefire år.
34 Basja gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på Jeroboams veg og i synda hans, den synda som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.