8 Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han.
9 I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.
10 Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom.
11 Asa gjorde det som rett var i Herrens auge, liksom David, far hans, hadde gjort.
12 Han jaga dei tempelprostituerte mennene ut av landet, og han fekk vekk alle avgudane som fedrane hans hadde laga.
13 Han tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Asa hogg biletet sund og brende det opp i Kedron-dalen.
14 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Asa heldt seg likevel til Herren av heile sitt hjarte så lenge han levde.