1 Til Jehu, son til Hanani, kom Herrens ord om Basja, og det lydde slik:
2 «Eg har lyft deg opp av støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har følgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har gjort meg rasande med syndene sine.
3 Difor vil eg no feia etter Basja og hans hus. Eg vil gjera med huset hans som eg gjorde med huset til Jeroboam, Nebats son.
4 Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
5 Det som elles er å fortelja om Basja og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
6 Så gjekk Basja til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.
7 Gjennom profeten Jehu, son til Hanani, var Herrens ord òg kome til Basja og huset hans. Han hadde ikkje berre gjort alt som var vondt i Herrens auge og gjort han rasande, slik Jeroboams hus hadde gjort. Han hadde òg gjort ende på Jeroboams hus.