14 Det som elles er å fortelja om Ela og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
15 I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han regjerte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir ikring Gibbeton, som høyrde filistrane til.
16 Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått i stand ei samansverjing og så slege kongen i hel, gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.
17 Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren og kringsette Tirsa.
18 Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet. Han sette kongeborga i brann og døydde i flammane.
19 Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens auge. Han hadde følgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20 Det som elles er å fortelja om Simri og den samansverjinga han fekk til, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.