18 Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet. Han sette kongeborga i brann og døydde i flammane.
19 Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens auge. Han hadde følgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20 Det som elles er å fortelja om Simri og den samansverjinga han fekk til, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
21 No delte Israelsfolket seg i to. Den eine halvparten følgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge. Den andre halvparten følgde Omri.
22 Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.
23 I det trettiførste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.
24 Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. På det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde eigd fjellet.