27 Det som elles er å fortelja om Omri og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
28 Så gjekk Omri til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og son hans, Ahab, vart konge etter han.
29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Ahab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte over Israel i Samaria i tjueto år.
30 Ahab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.
31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam, son til Nebat. Han gifte seg òg med Jesabel, dotter til Etbaal, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Baal og tilbe han.
32 I det Baal-tempelet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Baal.
33 Ahab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han heldt fram med å gjera Herren, Israels Gud, rasande. Han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han.