5 Det som elles er å fortelja om Basja og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
6 Så gjekk Basja til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.
7 Gjennom profeten Jehu, son til Hanani, var Herrens ord òg kome til Basja og huset hans. Han hadde ikkje berre gjort alt som var vondt i Herrens auge og gjort han rasande, slik Jeroboams hus hadde gjort. Han hadde òg gjort ende på Jeroboams hus.
8 I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.
9 Tenaren hans, Simri, som var kommandant for halvparten av vognstyrken, fekk i stand ei samansverjing mot han. Ein dag sat kongen og drakk seg full i huset til Arsa, som var borgherre i Tirsa.
10 Då kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret til Juda-kongen Asa. Simri vart konge etter Ela.
11 Så snart han hadde vorte konge og sett seg på trona, slo han i hel heile Basjas ætt. Han lét ikkje ein einaste mann vera att, verken av dei næraste frendane eller av venene hans.