9 Tenaren hans, Simri, som var kommandant for halvparten av vognstyrken, fekk i stand ei samansverjing mot han. Ein dag sat kongen og drakk seg full i huset til Arsa, som var borgherre i Tirsa.
10 Då kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret til Juda-kongen Asa. Simri vart konge etter Ela.
11 Så snart han hadde vorte konge og sett seg på trona, slo han i hel heile Basjas ætt. Han lét ikkje ein einaste mann vera att, verken av dei næraste frendane eller av venene hans.
12 Simri rydda ut heile Basjas ætt, slik som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.
13 For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med sine gagnlause gudar hadde dei gjort Herren, Israels Gud, rasande.
14 Det som elles er å fortelja om Ela og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
15 I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han regjerte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir ikring Gibbeton, som høyrde filistrane til.