13 Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din.
14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.»
15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid.
16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.
17 Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.
18 Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.»
19 Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si.