16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.
17 Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.
18 Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.»
19 Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si.
20 Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hos, at du lèt son hennar døy?»
21 Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!»
22 Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att.