19 Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si.
20 Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hos, at du lèt son hennar døy?»
21 Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!»
22 Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att.
23 Elia tok barnet og bar det frå takkammeret og ned i huset. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!»
24 Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»