3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan!
4 Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.»
5 Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der.
6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.
7 Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.
8 Då kom Herrens ord til Elia:
9 «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»