5 Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der.
6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.
7 Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.
8 Då kom Herrens ord til Elia:
9 «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»
10 Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!»
11 Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!»