1 Så gjekk det lang tid. I det tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Ahab! Eg vil senda regn over jorda.»
2 Elia gjekk i veg og steig fram for Ahab.Det var stor hungersnaud i Samaria.
3 Då kalla Ahab til seg Obadja, som var borgherre. Obadja hadde stor age for Herren.
4 Den gongen Jesabel ville rydda ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to hòler, femti i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.
5 No sa Ahab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi finn gras så vi kan halda liv i hestar og muldyr og slepp å slakta noko av buskapen.»
6 Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Ahab fór éin veg og Obadja ein annan.
7 Medan Obadja var på vegen, fekk han sjå Elia, som kom imot han. Obadja kjende han att, kasta seg ned med andletet mot jorda og sa: «Er det verkeleg du, min herre Elia?»