13 Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.
14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»
15 Då sa Elia: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: I dag skal eg stiga fram for kongen.»
16 Obadja gjekk til Ahab og fortalde han dette. Ahab gjekk så for å møta Elia.
17 Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!»
18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane.
19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!»