14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»
15 Då sa Elia: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: I dag skal eg stiga fram for kongen.»
16 Obadja gjekk til Ahab og fortalde han dette. Ahab gjekk så for å møta Elia.
17 Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!»
18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane.
19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!»
20 Så sende Ahab bod ikring til alle israelittane og kalla profetane saman på Karmel-fjellet.