17 Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!»
18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane.
19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!»
20 Så sende Ahab bod ikring til alle israelittane og kalla profetane saman på Karmel-fjellet.
21 Elia steig fram for heile folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Baal Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.
22 Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men av Baal-profetane er det fire hundre og femti.
23 Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, dela han opp og leggja han på veden; men de må ikkje tenna på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.