23 Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, dela han opp og leggja han på veden; men de må ikkje tenna på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.
24 Så kan de kalla på guden dykkar ved namn, og eg vil kalla på Herren ved namn. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Godt, lat det vera så!»
25 Då sa Elia til Baal-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til først, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!»
26 Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og kalla på Baals namn frå morgon til middag. «Svar oss, Baal!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka og hoppa dei kring altaret dei hadde reist.
27 Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.»
28 Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei.
29 Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.