29 Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.
30 Då sa Elia til folkemengda: «Kom hit til meg!» Og heile folket gjekk bort til han. Så sette han i stand igjen Herrens altar, som var nedrive.
31 Han tok tolv steinar, ein for kvar av stammane etter sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»
32 Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn.
33 Han la veden til rette, delte opp oksen og la han oppå veden.
34 Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.
35 Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.