34 Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.
35 Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.
36 Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette.
37 Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket skjønar at du, Herre, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.»
38 Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta.
39 Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»
40 Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.