40 Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
41 Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.»
42 Då gjekk Ahab opp for å eta og drikka. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.
43 Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»
44 Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky, ikkje større enn ei menneskehand, stiga opp av havet.» Då sa Elia: «Gå og sei til Ahab at han må spenna føre og fara heim, så ikkje regnet skal hefta han!»
45 I mellomtida mørkna himmelen til med skyer og vind, og det kom stridregn. Ahab steig opp i vogna si og køyrde til Jisreel.
46 Men Herrens hand kom over Elia. Han batt opp kjortelen og sprang føre Ahab heilt til Jisreel.