8 Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»
9 Men Obadja sa: «Kva synd har eg gjort sidan du gjev din tenar i hendene på Ahab og lèt han drepa meg?
10 Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som min herre ikkje har sendt bod til for å spørja etter deg. Når dei så sa: Han er ikkje her, lét han desse rika og folka sverja på at dei ikkje kunne finna deg.
11 Og no seier du at eg skal gå og seia til min herre at Elia er her!
12 Når eg no går frå deg, rykkjer Herrens ande deg bort til ein stad eg ikkje veit om. Kjem eg så og fortel dette til Ahab og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då frykta Herren heilt frå ungdomen av.
13 Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.
14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»