1 Ahab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd.
2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå med ditt liv slik det gjekk med livet til profetane.»
3 Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att.
4 Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»
5 Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»