13 Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»
14 Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di. Altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
15 Då sa Herren til han: «Gå tilbake den vegen du kom, og ta så vegen gjennom ørkenen til Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!
16 Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.
17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet til Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet til Jehu, skal Elisja drepa.
18 Men eg vil la sju tusen vera att i Israel, alle som ikkje har bøygd kne for Baal og ikkje har kyst han med sin munn.»
19 Elia drog bort frå Horeb og fann Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv følgde han det tolvte paret. Med det same Elia gjekk forbi, kasta han kappa si over han.