18 Men eg vil la sju tusen vera att i Israel, alle som ikkje har bøygd kne for Baal og ikkje har kyst han med sin munn.»
19 Elia drog bort frå Horeb og fann Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv følgde han det tolvte paret. Med det same Elia gjekk forbi, kasta han kappa si over han.
20 Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg først få kyssa far og mor til avskil, så skal eg følgja deg!» Elia svara: «Gå og kom så att! For du veit kva eg har gjort med deg.»
21 Då vende Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket som brensle kokte han kjøtet. Det gav han til folket, og dei åt. Så reiste han seg og følgde Elia som tenaren hans.