3 Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att.
4 Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»
5 Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»
6 Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.
7 Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»
8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb.
9 Der gjekk han inn i ei hòle og sov der om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kvifor er du her, Elia?»