1 Då det leid mot slutten for David, sa han til Salomo, son sin:
2 Eg skal snart gå den vegen som alt her på jorda må gå. Ver du sterk og ver ein mann!
3 Hald bodet til Herren din Gud! Gå på hans vegar og hald deg til hans forskrifter, bod, lover og påbod, slik det er skrive i Moselova. Då skal du gå visleg fram i alt du gjer, og kvar så du vender deg.
4 For Herren vil halda det ordet han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet i truskap, av heile sitt hjarte og heile si sjel, skal det aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»
5 Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.
6 Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket.