16 No er det berre éin ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba.
17 Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»
18 Batseba svara: «Ja vel, eg skal snakka med kongen for deg.»
19 Så gjekk Batseba til kong Salomo for å leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Ein stol vart sett fram for mor til kongen; ho sette seg ved høgre sida hans.
20 Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om. Ikkje vis meg bort!» Kongen svara: «Be om det, mor! Eg viser deg ikkje bort.»
21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22 Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.»