21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22 Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.»
23 Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!
24 Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, slik som han lova – Adonja skal døy, og det i dag!»
25 Så sende kong Salomo Benaja, son til Jojada, i veg. Han hogg ned Adonja, og slik døydde han.
26 Kongen sa til presten Abjatar: «Far heim til åkrane dine i Anatot! Du fortener døden, men eg vil ikkje drepa deg i dag, for du har bore paktkista til Herren Gud framfor David, far min. Du har lide alt det han laut lida.»
27 Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.