27 Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.
28 Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna.
29 Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»
30 Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal koma ut.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara.
31 Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farshuset mitt frå blodet til dei skuldfrie som Joab lét renna.
32 Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det.
33 Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»