32 Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det.
33 Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»
34 Så gjekk Benaja, son til Jojada, opp og hogg ned Joab og drap han. Han vart gravlagd på heimstaden sin i ørkenen.
35 Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.
36 Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort.
37 Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.»
38 Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.