35 Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.
36 Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort.
37 Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.»
38 Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.
39 Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat,
40 gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.
41 Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake.