5 Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.
6 Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket.
7 Men mot sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera godt. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg flykta frå Absalom, bror din.
8 Du har òg hos deg Sjimi, son til Gera frå Bahurim, av Benjamin-stammen. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg var på veg til Mahanajim. Men seinare kom han og møtte meg nede ved Jordan. Då svor eg ved Herren at eg ikkje skulle la han døy for sverd.
9 Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.
10 Så gjekk David til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Davidsbyen.
11 I førti år hadde David vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.