9 Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.
10 Så gjekk David til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Davidsbyen.
11 I førti år hadde David vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
12 Salomo sette seg på kongsstolen etter David, far sin, og kongedømet hans var trygt grunnfest.
13 Adonja, son til Haggit, kom til Batseba, mor til Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja», svara han,
14 «men det er ei sak eg gjerne vil snakka med deg om.» «Sei det», sa ho.
15 Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle bli konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv.