1 Aramearkongen Ben-Hadad samla heile hæren sin. Trettito kongar følgde han med hestar og vogner. Han drog opp, kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen.
2 Han sende bod inn i byen til Ahab, kongen i Israel,
3 med denne meldinga: «Så seier Ben-Hadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei vakraste konene og borna dine er mine.»
4 Israels-kongen svara: «Det skal vera som du seier, herre konge. Eg og alt eg eig, er ditt.»