13 Då gjekk ein profet fram for Ahab, kongen i Israel, og sa:«Så seier Herren:Ser du denne store flokken?I dag gjev eg han i dine hender,og du skal sanna at eg er Herren.»
14 «Kven skal gjera dette?» spurde Ahab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene til futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja krigen?» Han svara: «Du sjølv.»
15 Ahab mønstra mennene til futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.
16 Dei rykte ut ved middagstid medan Ben-Hadad sat i Sukkot og drakk seg full saman med dei trettito kongane som slutta opp om han.
17 Mennene til futane drog først ut. Ben-Hadad hadde sendt ut folk, og dei kom og melde at nokre menn hadde drege ut frå Samaria.
18 Då sa han: «Har dei rykt ut i fredeleg ærend, så ta dei levande. Har dei rykt ut for å strida, så ta dei levande då òg.»
19 Så drog dei ut av byen, både mennene til futane og hæren som følgde dei.