14 «Kven skal gjera dette?» spurde Ahab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene til futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja krigen?» Han svara: «Du sjølv.»
15 Ahab mønstra mennene til futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.
16 Dei rykte ut ved middagstid medan Ben-Hadad sat i Sukkot og drakk seg full saman med dei trettito kongane som slutta opp om han.
17 Mennene til futane drog først ut. Ben-Hadad hadde sendt ut folk, og dei kom og melde at nokre menn hadde drege ut frå Samaria.
18 Då sa han: «Har dei rykt ut i fredeleg ærend, så ta dei levande. Har dei rykt ut for å strida, så ta dei levande då òg.»
19 Så drog dei ut av byen, både mennene til futane og hæren som følgde dei.
20 Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane flykta, og israelittane forfølgde dei. Aramearkongen Ben-Hadad slapp unna til hest saman med nokre ryttarar.